Årsmøtet 2022 Molde

Årsmøtet 2022 Molde

Publisert av Gisle Christoffer Ørbæk Andersen den 21.08.22.

BSAOC

 

GENERALFORSAMLING 2022 I MOLDE 24. SEPTEMBER

 

Årets generalforsamling i klubben er i år lagt til Rosenes byMolde. Vi har fått ein avtale om overnatting med Molde Fjordhotell for dei som er tilreisande. Det er førebels reservert 15 rom på hotellet fram til 24. august. Dette kan utvidast ved stor etterspørsel, sjå meir info nedanfor. For evt. bobilistar, og andre camparar, kan vi anbefale NAF Kviltorp Camping https://www.kviltorpcamping.no/ , som ligg nær flyplassen ca6 km frå sentrum.

 

Sjølve generalforsamlinga blir halden i Gjendemhammaren, som er ein fjellhall som ligg i Molde sentrum, og er næraste nabo til Parkeringstunellen og Molde Domkyrkje, og berre rusleavstand frå hotellet. Sjå elles eiga innkalling til generalforsamlinga.

 

Vi legg opp til sosialt samvær denne helga. Mellom anna med ein fellestur i buss på laurdagen før møte. Alle medlemmar er velkomne til å ta del på den. Turen går frå Molde, via omvegar, til Atlanterhavsvegen og til Bergtatt Opplevelser,som ligg i Hustadvika kommune, på halvvegen mellom Molde og Atlanterhavsvegen. Klubben sponsar bussturen, og deltakarar på turen betalar sjølv for inngang kr 400,- og evt. suppe (glutenfri) kr 250,- på Bergtatthttps://www.berg-tatt.no/

 

Påmelding til alle aktivitetane generalforalingshelga finn du her: 

 

https://forms.office.com/r/cyCmpnfEzteller scan QR-koden med kameraet på mobilen din:

 

 

Vi ber om at alle deltakarar melder seg på via påmeldingsskjema, også om du er ein av våre lokale medlemmar som ikkje treng overnatting, då vi treng å vite også kor mange som ønskjer å ta del på dei forskjellige aktivitetane. Dersom du har problem med påmelding på Internett kan du ringe Atle Morsund på tlf: 40 84 37 72 for å melde deg på.

 

Møtelokale for generalforsamlinga:

Gjendemhammaren, Parkveien 3 Molde

Tid: 24.09.2022 kl 17.00?

 

Avtale om overnatting, med rabatt-kode: «BSA»:

Molde Fjordhotell: kr 1.100,- for enkeltrom pr. natt inkl. frukost. 

: kr 1.400,- for dobbeltrom pr.natt inkl. frukost.

Frist for bestilling på rabatt-kode er 24.august.

 

 

Bestilling må gjerast av kvar enkelt på:

https://www.classicnorway.no/hotell/molde-fjordhotell/eller på tlf: 71 20 10 60

 

 

HUSK!: - å oppgje rabattkode «BSA» ved bestilling for å få rett pris.

 

 

 

Program for laurdag 24. september:

 

kl 11.00 - Avreise Molde Fjordhotell med buss til Atlanterhavsvegen.

 

kl 14.00- Bergtatt Opplevelser.

 

kl 16.30- Turen avslutta i Molde, GjendemhammarenParkveien 3.

 

kl 17.00??- Generalforsamling – møte, estimert 2 timar.

 

Kl 20.00- Felles middag på restaurant i Molde sentrum. Bord vert bestilt etter  

 påmelding på ein av byens restaurantar.

 

Påmeldingfrist på bussturen er : 15. september 2022.


Påmelding til årsmøte: